Det er den draumen me ber på at noko vidunderlig skal skje, at det må skje - at tidi skal opna seg, at hjarta skal opna seg, at dører skal opna seg, at kjeldor skal springa - at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.