Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

fredag 18. januar 2008

Overvann frykta

For nokre månader sidan, fekk eg ein mail av Cappelen om at dei var interesserte i dikta mine. Dei ville at eg skulle sende dei alt eg hadde. Eg vart livredd, og sendte ikkje mail tilbake.

I dag samla eg saman mykje gamalt, og sendte dei. Eg måtte drikke ei halv flaske vin før eg torde å trykke på send-knappen. Teit, ikkje sant? Men slik var det. Og no er det gjort. Eg er letta.

I dag kokte eg forresten ris på chili/appelsin-te. Det vart godt. Og i morgon skal eg få telemarkskia mine, og då blir eg klar til vinterleiren til NMU neste helg. Ting er på stell.

1 kommentar:

Unknown sa...

Jaaaa!!!!!!!!!!!!!!!!!

Dette er so gode nyhende :D

PS: Ta med te til vinterleiren; ynskjer å prøva desse suppene dine, om du let meg. :-)

Odin (som nett såg Sound of Music for fyrste gong, og er i overraskande godt humør) :-)