Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

fredag 4. april 2008

Bit meg

Mitt første speleoppdrag, og eg er faktisk 500kr rikare. Eg spelte nokre songar i ei gravferd, noko som var ei litt rar oppleving, sidan eg ikkje kjende nokon. Men det gjekk bra, og eg fekk til og med betalt. Men eg ser nok at det kjem til å ta litt tid før eg kan leve av musikaryrket.



Men eg skal nok fortsette å tute på trompeten.
Ellers er fylkesmønstringa i UKM i gong, og i dag var det mange flinke folk. I morgon kveld skal eg stå på scena som konfransier, og DET blir litt skummelt, for eg er forkjøla, og høyres ut som ei skjelpadde eller noko sånt når eg snakkar. Men eg drikk te for harde livet, og håpar at det vert betre. Samstundes drit eg oppi alle kommareglar, for eg h,a,t,a,r, dei. Der, har eg sagt det. Eg, hatar alle, kommareglar.




Og? Ka so?

2 kommentarer:

Unknown sa...

You´ve got spam!

Men altso; -- eg er lei meg for at eg endå ikkje hev smaka teen din. Eg hev spara han, og no kjenner eg at han snart vert so viktug for meg at eg ikkje tør opna han :S Ugh.

Du sendte forresten melding på det verst tenkelege tidspunktet, -- heh. Hev sjeldan vore so lite avslappa og so ekstremt sint (og det heng saman med biler, ja). Men no er eg i perlehumør som eg hev vore dei siste dagane! :D Kannhenda eg lyt prøva teen i dag?

Eva Holthe Enoksen sa...

Så bra det finst andre som ikkje likar kommareglar. Eg er jo i lag med ein fyr som set æra si i å skriva feilfritt. Det kan vera slitsomt i lengden... Eg likar forresten bloggen din kjempegodt :)