Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

søndag 25. mai 2008

Sommaridyll i hagen


Ok. Eg har ikkje noko bilete som kan beskrive den kjensla eg har akkurat no, men eg kan prøve å beskrive den i ord. Sola steiker. Det er den varmaste dagen. Sofaen står midt ute i graset, og graset er høgare enn oss. Ute i graset står og ein radio. I sofaen sit og to av dei personane eg bryr meg mest om i heile verda. Eg ofrar ikkje eksamenen i morgon ein einaste Kan hende eg ikkje har vore så lukkeleg i heile mitt liv, og det seier eg ikkje berre fordi det er ein klisjè, men faktisk fordi eg trur det er sant.

1 kommentar:

Silkeschwarzen sa...

Så herleg! Eg har hatt ein drittdag med rett prioritering, som kjendes heilt feil.