Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

fredag 18. januar 2008

Overvann frykta

For nokre månader sidan, fekk eg ein mail av Cappelen om at dei var interesserte i dikta mine. Dei ville at eg skulle sende dei alt eg hadde. Eg vart livredd, og sendte ikkje mail tilbake.

I dag samla eg saman mykje gamalt, og sendte dei. Eg måtte drikke ei halv flaske vin før eg torde å trykke på send-knappen. Teit, ikkje sant? Men slik var det. Og no er det gjort. Eg er letta.

I dag kokte eg forresten ris på chili/appelsin-te. Det vart godt. Og i morgon skal eg få telemarkskia mine, og då blir eg klar til vinterleiren til NMU neste helg. Ting er på stell.

onsdag 16. januar 2008

Fem fruer

Geometriske tulipanar
det var ein stor
paraply
du gøymer deg under,
fru Raud

sa borna
klokka to
ein regnfull
formiddag

av og til
regnar det,

sa frua
plukkar ut
det uvelkomne
ugraset

og blæs bort
med vinden

Reinvask
det var
slik ein vakker
morgon

fru Gul
vaska klede
i morgonduggen

på veggen
vaks muggen

slik ein vakker
morgon

Grav, fru Grå!
Grav ned
ditt barn,
fru Grå

ikkje
bu
i huda di

grått er
livet ditt
og grått
skal det bli

kom deg ut
av gråten

Svingom
sving varene
ut på den frie
marknaden

sving deg om
i karnevalsdansen

fru Grøn,
du vil eigentleg
ligge

i den frie
sommarmarka.

(Løyndom)
vi er
animerte

heng i
trådar
og rep

stakkars fru Blå!
ho må vere trøytt
i armane

fyrst var det
kjøkkenvasken

vi kom
etterpå

tirsdag 15. januar 2008

Kom attende!

Eg saknar sola.

Eg klarar ikkje sjå noko når det er så mørkt. Dessutan får eg D-vitaminmangel. Eg kan faktisk kjenne at D-vitaminlagra i kroppen min minkar.

I dag var planen at eg og Fredrik skulle gå tur etter skulen, medan det endå var dagslys. Vi gjekk heim til han, laga ein enkel middag og såg ein episode av Frustrerte Fruer på DVD. Når vi såg ut, var det alt mørkt. Å. Eg vert nesten sint.

Det einaste lyset eg har i kvardagen, må eg lage sjølv. Så. I dag fann eg og Fredrik te-boksen til Mariell, og så fann vi ein spennande Detox-te som smaka lakris. Dessutan laga vi espresso.

Dagens "I have an confession to make"
Eg må berre seie at AV OG TIL blir faktisk p2 litt tørt. I dag skrudde eg på radioen for å høyre siste juicy news, men der var det berre ein skattedebatt mellom to tidlegare høgre-statsrådar. Men eg kunne jo ikkje skifte kanal, eg er jo trufast.

Dagens skulearbeid
I kveld skal eg lese nyare historie. Vi har om andre verdskrig, som faktisk er ganske interessant.
Høgreeksremisme er noko som kan ta ifrå meg nattesvevnen.

Fredrik er søt når han slår inn 2+6 på kalkulatoren.

mandag 14. januar 2008

Krydderchai med kvit te ifrå Himalaya

I dag har eg overskrifta i tekoppen min, og herregud kor godt det er. Celestial Seasonings, sjølvsagt.

Dagens språk
I norsktimen i dag lærte vi at ein ikkje bør bruke adjektivet "animert". Det er fordi at frå gamalt av, har dette ordet vorte brukt om å vere litt full. Vår respekterte norsklærar, Ove Eide, sa at om ein slår opp i litt eldre utgåver av nynorsk- eller riksmålsordboka, vil ein finne dette ordet. Altså: To animerte menn - to fulle menn. Det skal visst ha noko med "livlig" å gjere.

Dagens mat
Når du kokar ris, bruk heller ferdigtrekt te enn vatn. Det gjer ein god smak. Kanskje grøn te?
Hugs at i ein kopp grøn te er det dobbelt så mange C-vitaminar enn i ei appelsin.


Dagens blome

Gledeleg ettermiddag, alle saman. Ta deg ein kopp te, og lukt på blomane.

søndag 13. januar 2008

T-suppe

Kven kunne trudd at te var godt i ei grønnsakssuppe?

I dag stod ikkje eg og Fred opp før klokka eitt. Det er koseleg å sove lenge, men dagen blir alltid litt rar. Alle måltida går i surr. Eg gløymer at eg ikkje har ete noko, og difor sit eg altså her og et grønnsakssuppe. Med grøn te i. Og raudbetar.

Eg skal lese fleire bøker, skrive fleire dikt, og komme lenger på bokprosjektet mitt. Og så skal eg spele meir trompet. Livet er herleg <3

Og sjølvsagt skal eg lage meir mat med te i. Det er undervurdert.

Tekos på ein sundags ettermiddag

Det har vore ei fantastisk helg. Eg har laga ei kanne med grøn te og gojibær. Celestial Seasonings, sjølvsagt. Kanelrøykelse og stearinlys gjer denne stunda magisk. Pink Floyd på CDspelaren, det har vore ei stund sidan no.

Nokre ting eg har lært i løpet av helga:

1. Det er fantastisk og vakne opp til ein sein frukost og Joni Mitchell (saman med Fredrik).

2. Nyt sola medan ho er framme.

3. Ein hund er ikkje alltid så lett å forstå seg på.





Nick Cave <3

Til mine vener

Som de kanskje ser, har eg rydda litt i bloggen min. Den skal no bli betre, det lovar eg. Eg skal og drikke meir te, slik at verda blir ein betre stad å bu i. Fred og kjærleik. Og sol.