Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

tirsdag 15. juli 2008

tirsdag 10. juni 2008

Å!


Kan ikkje nokon berre gje meg femte sesong av six feet under, og ei veke til på skulen saman med Fredrik?

Viss ikkje:

kapp meg opp

instrumenta du brukar
skal vere laga
av lyd&luft&lukt

eg vil liggje
under eit tre
i skuggen (hugs det!)

og songen
som skal syngjast

skal innehalde ord
som: kjærleik&håp&evig vennskap,

alt det vanlege,
veit du

Å, eg vil ikkje at skuleåret skal vere slutt HEILT endå.

Vestlandsvêr

No har det seg slik at sola som har sveipa over vestlandet dei siste vekene har vorte erstatta av ikkje-sol, som eg vel å kalle det.

Eg har funne tilbake litt av inspirasjonen min, og Å, DER KOM SOLA IGJEN! O LYKKE!

tirsdag 27. mai 2008

Musikkorienteringseksamen: Operadøden!



O, Opera! Opera!

Eg druknar i den
raude operasjøen!
O, Operadøden!

Duggvåte svisker
druknar den
einsame monodien

Orfeo! Orfeo!
Kvar er du no?

mandag 26. mai 2008

Bla i ei bok!

Ok. Eg vart utfordra av Ulrikke til å gjere fylgjande:

* Plukk opp den næraste boka.
* Opne henne på side 123.
* Finn den femte setninga.
* Post dei tre neste setningane.
* “Tagg” nokre folk og gje ære til vedkomande som “tagga” deg.

Så, den boka som låg nærast meg akkurat no var "WOW: Populærmusikkens historie" av Yngve Blokhus og Audun Molde. 6.-8. setning på side 123 lyder slik:

"Flere av Amerikas ledende klassiske komponister har nærmet seg populærmusikken som form, gjennom å arbeide med musikkteater, musikal og film. Her må vi særlig nevne pianisten, komponisten, dirigenten og pedagogen Leonard Bernstein, som oppnådde verdenssuksess i 1957 med musikalen "West Side Story". Her brukte han også elementer fra latinamerikansk musikk og jazz."

Det skumle er at ein av forfattarane, Audun Molde, har vore firdaelev, og om nøyaktig ei veke skal eg ha eksamen i hovudinstrument på Firda VGS, då eg skal spele ein låt av... Ja, Leonard Bernstein! Samantreff? I don't think so...

Eg sender utfordringa vidare til LINA.

LINA <3

Eg vil gje dette blogginnlegget til min kjære ven, Lina. Rett og slett ein knupp. Les bloggen hennar. Eg elskar at du elskar meg og at eg elskar deg sjølv om legg daude dyrerestar over heile hybelen min, slik at eg vaknar til eit sjokk kvar morgon, og at eg krøllar meg sammen i ein kladeis på sofaen (som de ser i bakgrunnen på biletet). Å, Lina.

Forresten klarte eg noko spennande i dag, når Eliane kom inn på hybelen på biletet ovanfor å sa: ÅÅÅ ein edderkopp! Så tok ho kostebrettet og banka det ned på edderkoppen medan ho ropte at ho hata den og skulle drepe den. Joda, eg byrja å grine. Eg hatar når edderkoppar må dø. For dei må jo ikkje det. Æsj.

Ferdig med norskfaget for ei stund

I dag hadde vi den siste norskeksamenen vår, sidemål sjølvsagt. Heile eksamenen handla om språkleg rasisme, noko som i seg sjølv er spennande, men eg skreiv ei kjedeleg retorisk analyse av ein tekst av Henning Rivedal, streit som eg er. Og tolka eit lite dit som var ganske fint.
Akkurat no slappar eg av etter eksamen og øving med Jostein pluss instrumentaltime, drikk ein kopp te (Celestial Seasonings Ginger Vanilla Green Tea) og vart overøst med tre forskjellige klassekampen som eg gledar meg til å lese. Sto forresten noko om den nye Sex og Singelliv-filmen i den eine. O, fryd.

Forresten hadde eg og eit lesarbrev på trykk i Firda i dag, der eg svarar på eit lesarbrev frå Anne Viken. Bestemor, søt som ho er, hadde lese det. Så fekk eg ei melding der det stod: "Kjemp for alt hvad du har kjært!"

Og det er akkurat det eg har tenkt til å gjere.

søndag 25. mai 2008

Stig Eikaas og "kunsten"

Det var veldig morosamt at FIRDA i denne artikkelen kallar Stig Eikaas for ein statuemakar og ikkje kunstnar. Og at den einaste grunnen til at ordføraren i Gloppen likar statuane er at dei kan lokke turistar til å stogge.

Sommaridyll i hagen


Ok. Eg har ikkje noko bilete som kan beskrive den kjensla eg har akkurat no, men eg kan prøve å beskrive den i ord. Sola steiker. Det er den varmaste dagen. Sofaen står midt ute i graset, og graset er høgare enn oss. Ute i graset står og ein radio. I sofaen sit og to av dei personane eg bryr meg mest om i heile verda. Eg ofrar ikkje eksamenen i morgon ein einaste Kan hende eg ikkje har vore så lukkeleg i heile mitt liv, og det seier eg ikkje berre fordi det er ein klisjè, men faktisk fordi eg trur det er sant.

lørdag 17. mai 2008

Nostalgia: Gaute og Gullit


Ei djait? Til meg? E da mi djait?

Det er nesten som eg fell ei tåre når eg tenkjer på denne barne-TV-serien som i stor grad var ein viktig del av barndommen min.

For dei som må friske opp hukommelsen sin, kan de sjå her.

Eg hugsar eg alltid trudde Gaute var ei jente fordi han hadde langt hår. I opningsepisoden viser Gaute fram eit familieportrett for å introdusere familien sin, og så peikar han på seg sjølv og seier: Dette er meg, alle trur eg er ei jente, men det bryr eg meg ikkje om.

Denne serien står for meg som sjølve symbolet på barne-TV frå barndommen.
Om nokon vil sjå han, trur eg at vi har den teke opp på VHS heime ein stad. Å, kjærleik.


Janne er russ og opphever tyngdekrafta



torsdag 15. mai 2008

Roskilde; It's gonna be a blast!

Eg må berre fortelje litt om favorittaktiviteten min (då er ikkje tedrikking medrekna): Å fare på Roskilde Festival. Det er rett og slett fantastisk! Så mange bra folk samla på ein plass trudde eg ikkje var mulig/muleg/mogleg/mogeleg før eg faktisk opplevde det. (Eg trur det'kje før eg får sjå da! Trallala).

Eigen fairtrade-landsby, stor miljøsatsing, alltid eit vegetarmatalternativ. Og musikken, då. Gledar meg som ein liten unge til Radiohead, det kjem til å bli så bra! Klarar ikkje å vente.

Her er nokre filmar som set dykk i ordentlig Roskilde-stemning:

Kva er vel roskilde utan?

Og vi hugsar vel?

Og vi gledar oss vel til?

Og du kjem vel?

onsdag 14. mai 2008

Fusk og fanteri!

Eg fann ut at Lipton iste berre inneheld 0,14% te. Er det fleire som kjenner seg lurt eller? I tillegg reklamerar dei med at sidan isteen inneheld te, er den rik på antioksidantar.

Eg skal lage min eigen iste når eg vert stor, og den skal vere terik og god. Og sjølvsagt skal eg reklamere på nynorsk. Så det så.

mandag 12. mai 2008

Balejazz 2008 <3


Er er nett komen heim frå årets balejazz, og det har vore heilt herleg. Høgdepunkta var; så mykje balholm vi kunne drikke, Myri, vêret, Balestrand, Arve Henriksen, artistpass slik at vi kom oss inn på alle konsertane, ah!, vår eigen konsert med SOFUS, og sjølvsagt national bank. Hjarte!

søndag 4. mai 2008

På skulen, igjen.

Er det nokon betre stad å vere ein søndagskveld enn Firda VGS?

Vi skal ha halvdagsprøve i ensembleleiing i morgon, det vil seie at eg må dirigere ein korsats og eit korpsstykke. Må eigentleg øve på det, men så høyrer eg vakre tonar frå underetasjen, grupperom 1; William og Eivind og kan hende nokre til sit og jammar over noko som høyrest asiatisk og eksotisk ut. Det høyres ut som ein tibetansk bønnesalme eller noko sånt. Sært.

Elles er eg glad for at bloggen til Jostein er oppe og går igjen. Flott. :)

lørdag 3. mai 2008

Oddvar Torsheim, eg elskar deg!


På sjølvaste 1.mai traff eg helten min, og fekk han til å signere russebuksa mi. Etterpå spelte han "Nynorskens skog", ein av favorittsongane mine. Og så var det sol. :)

tirsdag 29. april 2008

Eg har ein hug i hjartet mitt.

I dag hadde vi medlemsmøte i Firda Målungdom, og det var bra oppmøte, kring 12 engasjerte ungdommar. Og neste veke, 7. mai, reiser vi til Førde for å skipe nytt lokallag.

Sei JA til nynorsk!

mandag 28. april 2008

Mangosesong, kor e du?

Eg har ingen nye meldingar på facebook, og når eg skulle ete mangoen eg hadde kjøpt, var den ikkje moden, men berre hard og ekkel. Men eg et han likevel. Idun i India sa at mangosesongen er igong, men kor tid når dei mangoane Noreg?
Dessutan lurer eg på korleis det gjekk på mållagslandsmøte, sånn EIGENTLEG, sladder etc.

Musikkorienteringsheildagsprøve. Puh!

I dag hadde vi heildagsprøve i musikkorientering, eit fag som tek for seg musikkhistorie frå mellomalderen og fram til i dag. Prøva går ut på at vi får eit tema ein dag før, temaet denne gongen var "Typisk norsk?". Og så får vi ti lytteeksempel, denne gongen ei salig blanding av mykje rart: Satyricon, Odd Nordstoga, Fartein Valen, Eivind Groven, ein gorrlaus rammeslått frå Setesdal, og så vidare. På prøvedagen får vi fem lytteeksempel spelt for oss, anten nokre av dei vi fekk til å førebu oss med, eller ikkje, og må skrive og trekke linjer frå det eine til det andre.

Det gjekk for så vidt greitt, kjende igjen Fartein Valen, eit eller anna stykke frå etterkrigstida, folkemusikk, Nordstoga og so det siste: Side Brok? Kva skal eg skrive om det liksom? Eg var jo så dum å ikkje lese så mykje om amerikansk hip-hop og slikt. Jaja.


lørdag 12. april 2008

Kvardagsfilosofi

Aqua, Olea Eoropaea, Squalane, Polyglycerol-3, Stearate, Decyl Olive esters (and) Squalene, Corn (Zea Mays), Oil, Dimethicone, Stearic Acid, Panthenol (and) Propylene Glycol, Cetyl Alcohol, Sodium Stearoyl Lactylate, Tocopheryl Acetate, Methylparaben (and) Ethylparaben (and) Propylparaben, Sodium Phosphate, Parfum, Sodium Hydroxide.

Og dette smører eg i ansiktet mitt kvar kveld. Er det rart verda går til Helvete?

fredag 4. april 2008

Bit meg

Mitt første speleoppdrag, og eg er faktisk 500kr rikare. Eg spelte nokre songar i ei gravferd, noko som var ei litt rar oppleving, sidan eg ikkje kjende nokon. Men det gjekk bra, og eg fekk til og med betalt. Men eg ser nok at det kjem til å ta litt tid før eg kan leve av musikaryrket.



Men eg skal nok fortsette å tute på trompeten.
Ellers er fylkesmønstringa i UKM i gong, og i dag var det mange flinke folk. I morgon kveld skal eg stå på scena som konfransier, og DET blir litt skummelt, for eg er forkjøla, og høyres ut som ei skjelpadde eller noko sånt når eg snakkar. Men eg drikk te for harde livet, og håpar at det vert betre. Samstundes drit eg oppi alle kommareglar, for eg h,a,t,a,r, dei. Der, har eg sagt det. Eg, hatar alle, kommareglar.




Og? Ka so?

tirsdag 1. april 2008

Jippi!

No er det heilt sikkert, eg skal til Oslo til hausten, og eg gler meg som ein liten unge. Wee.

tirsdag 18. mars 2008

Samtale om brunost

<3


Veslebroren min, Jørgen (8), likar ikkje brunost. Det tykkjer eg er trist, og prøver å få han til å like det. Her er det som skjedde:

Janne: Du må jo like brunost!
Jørgen: Kvifor det?
Janne: Eh.. fordi det er godt. Og så er det jo veldig norsk. (Dårleg argument, eg veit.)
Jørgen: Nynorsk?
Janne: Nei, ikkje akkurat. (Her måtte eg faktisk tenke litt...)
Jørgen: Bokmål då? Eller vent. Det er i alle fall ikkje norsk!

Haha.. For ein smart veslebror eg har.
Men det er jo litt interessant då, at det går an å tenke at alt er delt inn i anten nynorsk eller bokmål. Hm. Det må eg filosofere litt over.

Kva skjer med verda?

Eg høyrte noko rart på radioen i dag:

Julia Timosjenko trur at grunnen til at ho tapte valet i Ukraina er på grunn av at Djevelen bur i parlamentet. Ho har til og med tilkalla prest for å rydde han ut. Dei har enno ikkje klart å danne ei regjering, og gamlestatsmnisteren sit 2 månader på overtid. Det ser ut til at dei må velje på nytt, og kanskje Timosjenko har hellet med seg når Djevelen er borte?

fredag 14. mars 2008

Påskemorgon sløkkjer sorga?

Det er ferie, men skal gjere så mykje lekser at eg ikkje veit kor eg skal byrje. Manglar ti sider på historieinnleveringa, samtidig som ensembleleiingsoppgåva skal vere ferdig. Og så særemne om Frank Zappa, som eg ikkje har byrja på. Huff. Men sola skin ute, og det skal bli deilig å sove lenge om morgonen.

No sit eg åleine på hybelen, og dei neste timane kjem eg til å vere åleine på eit lite øvingsrom. Men i kveld reiser eg heim, i alle fall for ei lita stund.

Vårt nye band: <3

Vokal: Fredrik
Gitar: Meg
Bass: Camilla
Tangentar: Dag
Trommer: Endre

Eg og Fredrik har allereie skrive ein liten song om substantivsjuka, det fenomenet der ein avleiar eit substaniv av anten eit verb eller eit adjektiv istadenfor å bruke sjølve verbet eller adjektivet. Det er då ein får så utruleg mange unødvendige heit-ord på nynorsk. Fy-fy. :) Verda må glede seg.


Har nokon eit ekstra par solbriller? Det svir i auga når eg ser mot sola. På førehand takk.

God påskeferie!

tirsdag 11. mars 2008

Tidleg morgon

Av og til er det veldig morosamt å sjå ned på alle dei gamle damene som går forbi utanfor, når eg ser ut vindauget tidleg om morgonen. For det er faktisk berre gamle damer, og kan hende ei og anna litt yngre dame med barnevogn. Dessutan har dei alltid på seg slike rare, gamle hattar. Kvifor er dei ute så tidleg? Kor er dei på veg? Eg vert gal. Og eg drikk grøn te av den finaste koppen eg har. Skulle ønske eg hadde eit kamera her, så skulle eg teke bilete av den. God morgon, alle saman! Eg skal snart på kafè.

mandag 10. mars 2008

Radio

Det er ti minuttar til eg må gå, og Geir seier at han ikkje er overraska. Det er alltid ti minuttar til eg skal gå. Eg høyrer radio, eit program om rastafari-religionen i Jamaica, og deira forhold til homofili. Sjuke greier.

lørdag 8. mars 2008

When the going gets tough, the tough gets going.

Yes. Grisefest i går, eg elskar lærarane mine! Og Kjetil sin vals. Og eg elskar og svinge meg i bunad, og knyte det store palestinaskjerfet rundt halsen når det er kaldt ute, og når Fredrik kjem på overraskingsbesøk på hybelen min og gjer meg ein klem. Etter ei veke med dårleg energi mellom oss, er ting på stell igjen, og eg elskar det. Eg elskar kvinnedagen.

Eg gledar meg til å bli fin på vin i kveld!
O måne over Alabama!

:D <3 Joni Mitchell - Carey. That's all I have to say. Listen. Live.

mandag 18. februar 2008

Vinterferie i Jølster

Det er ein månad sidan sist eg var heime, og eg må seie at det kjennest godt å igjen verte overøst av mors kjærleik. Det regnar, men eg trur det er godt skiføre på fjellet. Det skal eg i alle fall utnytte.

Det som er litt kjipt, er at alle vennane mine har reist ifrå meg. Fredrik, Lina, Ragnhild, Kristine, (Eliane og Regine) er i Italia, Jostein og Mariell i England, og eg har ein mistanke om at naboen min er i Berlin. Dessuten har Fredrik sett "Mannen som elsket yngve" utan meg, sjølv om eg hadde gratisbillettar til Kinoen - men akkurat no gjer det ingenting.

I ferien skal eg:
1. Gå turar i den vakre Jølster-naturen, helst på ski.
2. Berre slappe av.
3. Drikke te.
4. Prøve å finne nokre venner som ikkje er reist vekk.
5. Spele trompet.
6. Hekle?
7.Oppdatere bloggen min.
8. Sjå film (for ein gongs skuld).
9. Ete mamma sine middagar.
10. Gje faen.

Til slutt slenger eg med eit bilete av min fantastiske heimstad:

torsdag 14. februar 2008

Eg vann!

Denne månaden vart eg månadens poet på dagbladet.no :D O fryd og glede, ai ai ai!

Sjølv om eg feirar litt i mitt stille sinn, slår alvoret tilbake og det går opp for meg at eg har prøve i andre verdskrig i morgon. Eg skal likevel ut og feire seinare i kveld. Og så må eg prøve å finne ein mystisk person frå Tromsø å gje han noko. Ciao!

søndag 3. februar 2008

Snø!

Eg og Kristine leika ute i snøen i dag, og laga to snømenn; Asbjørn og Asbjørg:





Kristine er kjempeglad i Asbjørn, og magen hans er så god å kose med.







Det var tre meter høge brøytekantar, minst.




Og så laga vi snølykt utanfor døra vår.

Snøleiken tok ei dramatisk vending mot slutten, då Kristine klarte å grave ned begge støvlane sine i snøen, men etter nokre fortvile minuttar klarte vi å få dei lause igjen.


Christine Schwarz i etasjen under har bursdag i dag, så eg skal no ned og syngje bursdagssongen til ho, og håpar ho vert glad :)

lørdag 2. februar 2008

Hekling og anna nytt

I dag har vore ein ganske slitsom men innhaldsrik dag. Eg starta dagen med ein kopp grøn te, og hekla ferdig lua eg skal gje til Mamma på morsdagen/bursdagen. For å forklare denne stninga nærare: JA, eg har byrja hekle, og JA, Mamma har bursdag på morsdagen.

Fram til no har eg hekla: To par pulsvarmarar, ei lue, eit panneband, ein vinflaskepynt som ser ganske rar ut, og ein einsleg pulsvarmar, ogein einsleg tøffel. Vil du ha noko, tek eg gjerne bestilling!

Etter eg hadde hatt ein lang og roleg morgon på hybelen, rusla eg bort på skulen og spelte litt trompet. Så stressa eg frå klokka to til ti, sidan eg skulle vere konfransier på UKM her i Gloppen om kvelden. Eg og Åslaug var ikkje heilt forberedt, men det gjekk bra, og vi vart stemt vidare som konfransierar til fylkesmønstringa i Førde fyrste helga i april, så DET var gøy. Elles fekk vi masse bollar og kaker, og eit gåvekort på fire kinobillettar.


No sit eg åleine på hybelen igjen, veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til. Eg høyrer på Joni Mitchell, og Blue-plata hennar, og kan ikkje forklare kor mykje eg elskar den. Naboen har fest, men eg trur eg skal legge meg tidleg. Men først ein kopp te!



fredag 18. januar 2008

Overvann frykta

For nokre månader sidan, fekk eg ein mail av Cappelen om at dei var interesserte i dikta mine. Dei ville at eg skulle sende dei alt eg hadde. Eg vart livredd, og sendte ikkje mail tilbake.

I dag samla eg saman mykje gamalt, og sendte dei. Eg måtte drikke ei halv flaske vin før eg torde å trykke på send-knappen. Teit, ikkje sant? Men slik var det. Og no er det gjort. Eg er letta.

I dag kokte eg forresten ris på chili/appelsin-te. Det vart godt. Og i morgon skal eg få telemarkskia mine, og då blir eg klar til vinterleiren til NMU neste helg. Ting er på stell.

onsdag 16. januar 2008

Fem fruer

Geometriske tulipanar
det var ein stor
paraply
du gøymer deg under,
fru Raud

sa borna
klokka to
ein regnfull
formiddag

av og til
regnar det,

sa frua
plukkar ut
det uvelkomne
ugraset

og blæs bort
med vinden

Reinvask
det var
slik ein vakker
morgon

fru Gul
vaska klede
i morgonduggen

på veggen
vaks muggen

slik ein vakker
morgon

Grav, fru Grå!
Grav ned
ditt barn,
fru Grå

ikkje
bu
i huda di

grått er
livet ditt
og grått
skal det bli

kom deg ut
av gråten

Svingom
sving varene
ut på den frie
marknaden

sving deg om
i karnevalsdansen

fru Grøn,
du vil eigentleg
ligge

i den frie
sommarmarka.

(Løyndom)
vi er
animerte

heng i
trådar
og rep

stakkars fru Blå!
ho må vere trøytt
i armane

fyrst var det
kjøkkenvasken

vi kom
etterpå

tirsdag 15. januar 2008

Kom attende!

Eg saknar sola.

Eg klarar ikkje sjå noko når det er så mørkt. Dessutan får eg D-vitaminmangel. Eg kan faktisk kjenne at D-vitaminlagra i kroppen min minkar.

I dag var planen at eg og Fredrik skulle gå tur etter skulen, medan det endå var dagslys. Vi gjekk heim til han, laga ein enkel middag og såg ein episode av Frustrerte Fruer på DVD. Når vi såg ut, var det alt mørkt. Å. Eg vert nesten sint.

Det einaste lyset eg har i kvardagen, må eg lage sjølv. Så. I dag fann eg og Fredrik te-boksen til Mariell, og så fann vi ein spennande Detox-te som smaka lakris. Dessutan laga vi espresso.

Dagens "I have an confession to make"
Eg må berre seie at AV OG TIL blir faktisk p2 litt tørt. I dag skrudde eg på radioen for å høyre siste juicy news, men der var det berre ein skattedebatt mellom to tidlegare høgre-statsrådar. Men eg kunne jo ikkje skifte kanal, eg er jo trufast.

Dagens skulearbeid
I kveld skal eg lese nyare historie. Vi har om andre verdskrig, som faktisk er ganske interessant.
Høgreeksremisme er noko som kan ta ifrå meg nattesvevnen.

Fredrik er søt når han slår inn 2+6 på kalkulatoren.

mandag 14. januar 2008

Krydderchai med kvit te ifrå Himalaya

I dag har eg overskrifta i tekoppen min, og herregud kor godt det er. Celestial Seasonings, sjølvsagt.

Dagens språk
I norsktimen i dag lærte vi at ein ikkje bør bruke adjektivet "animert". Det er fordi at frå gamalt av, har dette ordet vorte brukt om å vere litt full. Vår respekterte norsklærar, Ove Eide, sa at om ein slår opp i litt eldre utgåver av nynorsk- eller riksmålsordboka, vil ein finne dette ordet. Altså: To animerte menn - to fulle menn. Det skal visst ha noko med "livlig" å gjere.

Dagens mat
Når du kokar ris, bruk heller ferdigtrekt te enn vatn. Det gjer ein god smak. Kanskje grøn te?
Hugs at i ein kopp grøn te er det dobbelt så mange C-vitaminar enn i ei appelsin.


Dagens blome

Gledeleg ettermiddag, alle saman. Ta deg ein kopp te, og lukt på blomane.

søndag 13. januar 2008

T-suppe

Kven kunne trudd at te var godt i ei grønnsakssuppe?

I dag stod ikkje eg og Fred opp før klokka eitt. Det er koseleg å sove lenge, men dagen blir alltid litt rar. Alle måltida går i surr. Eg gløymer at eg ikkje har ete noko, og difor sit eg altså her og et grønnsakssuppe. Med grøn te i. Og raudbetar.

Eg skal lese fleire bøker, skrive fleire dikt, og komme lenger på bokprosjektet mitt. Og så skal eg spele meir trompet. Livet er herleg <3

Og sjølvsagt skal eg lage meir mat med te i. Det er undervurdert.

Tekos på ein sundags ettermiddag

Det har vore ei fantastisk helg. Eg har laga ei kanne med grøn te og gojibær. Celestial Seasonings, sjølvsagt. Kanelrøykelse og stearinlys gjer denne stunda magisk. Pink Floyd på CDspelaren, det har vore ei stund sidan no.

Nokre ting eg har lært i løpet av helga:

1. Det er fantastisk og vakne opp til ein sein frukost og Joni Mitchell (saman med Fredrik).

2. Nyt sola medan ho er framme.

3. Ein hund er ikkje alltid så lett å forstå seg på.





Nick Cave <3

Til mine vener

Som de kanskje ser, har eg rydda litt i bloggen min. Den skal no bli betre, det lovar eg. Eg skal og drikke meir te, slik at verda blir ein betre stad å bu i. Fred og kjærleik. Og sol.