Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

søndag 4. mai 2008

På skulen, igjen.

Er det nokon betre stad å vere ein søndagskveld enn Firda VGS?

Vi skal ha halvdagsprøve i ensembleleiing i morgon, det vil seie at eg må dirigere ein korsats og eit korpsstykke. Må eigentleg øve på det, men så høyrer eg vakre tonar frå underetasjen, grupperom 1; William og Eivind og kan hende nokre til sit og jammar over noko som høyrest asiatisk og eksotisk ut. Det høyres ut som ein tibetansk bønnesalme eller noko sånt. Sært.

Elles er eg glad for at bloggen til Jostein er oppe og går igjen. Flott. :)

1 kommentar:

3-2-nuz sa...

Så fænsi-pænsi utforming du har fått på sida di, Jonni! Og så Olav H. Hauge da- eit av dei dikta eg merkte "LES!" i samla Hauge-utgåva eg gav til svigersyster Renate i konfirmasjonsgåve i helgi.

Katten
sit i tunet
når du kjem.
Snakk litt med katten.
Det er han som er varast i garden.