Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

lørdag 2. februar 2008

Hekling og anna nytt

I dag har vore ein ganske slitsom men innhaldsrik dag. Eg starta dagen med ein kopp grøn te, og hekla ferdig lua eg skal gje til Mamma på morsdagen/bursdagen. For å forklare denne stninga nærare: JA, eg har byrja hekle, og JA, Mamma har bursdag på morsdagen.

Fram til no har eg hekla: To par pulsvarmarar, ei lue, eit panneband, ein vinflaskepynt som ser ganske rar ut, og ein einsleg pulsvarmar, ogein einsleg tøffel. Vil du ha noko, tek eg gjerne bestilling!

Etter eg hadde hatt ein lang og roleg morgon på hybelen, rusla eg bort på skulen og spelte litt trompet. Så stressa eg frå klokka to til ti, sidan eg skulle vere konfransier på UKM her i Gloppen om kvelden. Eg og Åslaug var ikkje heilt forberedt, men det gjekk bra, og vi vart stemt vidare som konfransierar til fylkesmønstringa i Førde fyrste helga i april, så DET var gøy. Elles fekk vi masse bollar og kaker, og eit gåvekort på fire kinobillettar.


No sit eg åleine på hybelen igjen, veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til. Eg høyrer på Joni Mitchell, og Blue-plata hennar, og kan ikkje forklare kor mykje eg elskar den. Naboen har fest, men eg trur eg skal legge meg tidleg. Men først ein kopp te!



2 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Då Dagsavisen lurte på kva plate eg ville ta med meg på ei aude øy, svara eg Blue. Og då tenkjer eg ikkje på båibænnet, liksom.

Janne sa...

Å! Det trur eg at eg og ville svart. Berre sei ifrå om du vil eg skal hekle deg noko, kva enn du treng. Men ikkje tru at det blir veldig høg kvalitet på det :)