<3
Veslebroren min, Jørgen (8), likar ikkje brunost. Det tykkjer eg er trist, og prøver å få han til å like det. Her er det som skjedde:
Janne: Du må jo like brunost!
Jørgen: Kvifor det?
Janne: Eh.. fordi det er godt. Og så er det jo veldig norsk. (Dårleg argument, eg veit.)
Jørgen: Nynorsk?
Janne: Nei, ikkje akkurat. (Her måtte eg faktisk tenke litt...)
Jørgen: Bokmål då? Eller vent. Det er i alle fall ikkje norsk!
Haha.. For ein smart veslebror eg har.
Men det er jo litt interessant då, at det går an å tenke at alt er delt inn i anten nynorsk eller bokmål. Hm. Det må eg filosofere litt over.
Kvifor ikkje?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Herleg bror. :) Syster mi er litt interessert, men eg tør ikkje driva open propaganda.
Menmen, skulen gjev jo bm-propaganda då...
Legg inn en kommentar