Kvifor ikkje?

Kvifor ikkje?

fredag 14. mars 2008

Påskemorgon sløkkjer sorga?

Det er ferie, men skal gjere så mykje lekser at eg ikkje veit kor eg skal byrje. Manglar ti sider på historieinnleveringa, samtidig som ensembleleiingsoppgåva skal vere ferdig. Og så særemne om Frank Zappa, som eg ikkje har byrja på. Huff. Men sola skin ute, og det skal bli deilig å sove lenge om morgonen.

No sit eg åleine på hybelen, og dei neste timane kjem eg til å vere åleine på eit lite øvingsrom. Men i kveld reiser eg heim, i alle fall for ei lita stund.

Vårt nye band: <3

Vokal: Fredrik
Gitar: Meg
Bass: Camilla
Tangentar: Dag
Trommer: Endre

Eg og Fredrik har allereie skrive ein liten song om substantivsjuka, det fenomenet der ein avleiar eit substaniv av anten eit verb eller eit adjektiv istadenfor å bruke sjølve verbet eller adjektivet. Det er då ein får så utruleg mange unødvendige heit-ord på nynorsk. Fy-fy. :) Verda må glede seg.


Har nokon eit ekstra par solbriller? Det svir i auga når eg ser mot sola. På førehand takk.

God påskeferie!

3 kommentarer:

Jens Kihl sa...

Dette er eit bænn-prosjekt eg er for! Kanskje den nye måten å lære sidemål på er å høyre cd-en med gode språktips frå bannet til Janne?

Gråsona sa...

Janne, den tittelen????!!

Jarle sa...

Skal spela konsert om ein time, der eitt av stykka er nokre variasjonar over Påskemorgen slukker sorgen. Tenkte eg skulle sjå om eg fann ein nynorsk tekst, men fekk opp sida di på Google i staden; verda er neimen ikkje stor om dagen...